søndag 17. januar 2010

En oversikt over vårens blogginnlegg

Tjohei, alle saman. (Dvs. Randi).

Då skal me sjå på alt det gilde arbeidet som ligg føre oss denne staslege våren. Og det er sjølvsagt ikkje småtterier denne gongen heller (hedler, om du kjem frå Hardanger). Nei, vi skal kosa oss med sjølvlaga bollur og brus, medan vi skriv endelause blogginnlegg om alt frå Napoleons nasehår til knappane på fjernsynsapparatet.

Ei lite oppstilling kan kanskje vere:

- Hensyn ved publisering

- Medieproduksjon

- Prosjekt og produkt

- Lydproduksjon

- Design

- Avisproduksjon

- Videoproduksjon


Innlegg om Napoleons nasehår kjem inn på fleire av områda, mellom anna i design og lydproduksjon. Me veit mellom anna (adlja, om du kjem frå indre Sogn) at den godaste Boneparte var ein tjuv til å grave seg i nasen, der han i timesvis kunne nappe ut nasehår. Det er nok den viktigaste grunnen til at han gjekk med armen innanfor knappane, tilgrisa som han var. Men gjennom lyd og bilete vil ei levandegjering av dette tre fram (vasse utetter, om du kjem frå Setesdal) på ein tiltalande og spanande måte. Midt i liseaugo skal sjølvsagt David Attenborrow stå med si nasale, monotone stemme, og med håret i vertikal stilling.

God fornøying.

Med snakkest til jul....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar